Lul Krag

Lul Krag (1878-1956) vart av kunstkritikarar omtala som ein potensiell arvtakar etter Harriet Backer. Ho braut i staden med det etablerte kunstmiljøet og trakk seg tilbake til eit anonymt liv på landsbygda, Rosendal. Der fant ho inspirasjon og skapte det aller meste av kunsten sin, i den karakteristiske stilen ho utvikla, inspirert av gamal kinesisk kunst frå Sung dynastiet. Etter at ho gjekk bort, har nokre av kunstverka hennar vore stilt ut ved Blaafarveverket, Galleri Albin i Oslo, Baroniet Rosendal, Rosendal samfunnshus, og seinast ved Nasjonalmuseet.

Føremålet med prosjektet er å dokumentera og sikra viktige delar av produksjonen til Lul Krag og samtidig gjera den anonyme men tidsaktuelle kunstnaren og kulturskatten betre kjent for barn, unge og publikum generelt, gjennom produksjon av ein audiovisuell presentasjon om kunstnaren og kunstverka.

Forrige
Forrige

Vikingskatten frå Hatteberg

Neste
Neste

Malmanger prestegard