Hardangerfjorden

Står du ein vakker sommardag på ein av fjelltoppane i Sunnhordland og ser utover den rolege vassflata i fjordbassenget, er det vanskeleg å førestilla seg dynamikken og skiftingane i dei svære vassvoluma, og det yrande livet langt nede i fjorden, drama på drama, kampen for tilværet kvar einaste time, heile året!

Når ljosmengda aukar utover våren, formeirar kalkalgane seg i kolossale mengder, og du ser at fjorden vert grøn! Denne «bløminga» utløyser ein kaskade av hendingar. Dei mikroskopiske algane, knapt ein hundredels millimeter store, vert mat for små planktondyr og filtrerande organismar. Det er desse som står på menyen til brisling og yngel av andre fiskeartar.

Hardangerfjorden er ein av dei tunge oppdretts-regionane i Noreg, der miljøavtrykket lenge har vore tydeleg.

Terskelområdet til Hardangerfjorden er eit biologisk særs verdfullt område, med ein av dei største førekomstane av korallar og svampar som er registret i Noreg. Det blir difor  gjerne omtala som vår «regnskog». Det er sårbart for ulike næringsaktivitetar og ventar framleis på at det føreslegne marine verneområdet skal  bli godkjent av kommune, fylkeskommune og stat.

Hardangerfjorden - kva er under vassflata

Fjordens liv

Filmen tek deg med på ei reise ned i Hardangerfjorden, ned til ei verd me har visst lite om, til ei verd full av liv. Rett under der me sit og fiskarbur underlege, vakre og fargerike skapningar me ikkje før har sett. Filmen byggjer på foto og filmopptak ned til 450 meters djupn gjot under Havforskingsinstituttet sitt prosjekt Epigraph Hardangerfjorden.

Produksjon: Havforskingsinstituttet Idé: Øystein Skaala, prosjektleiar Epigraph Hardangerfjorden Manus og regi: Randi Storaas. Foto og film: Pål Buhl-Mortensen, Erling Svensen, Rudolf Svensen, Helen Petersen, Helge Haukeland, Florian Graner, Jan Rabben, Mikal Heldal, Per R. Flood. Musikk og lyd: Knut Halmrast Finansiert av: Noregs forskingsråd, Hordaland fylkeskommune, Direktoratet for naturforvalting, Fiskeridirektoratet, Folgefonna Nasjonalparksenter. Lengd: 21 minutt År: 2012

Plakaten til Fjordens liv