Bård Breivik

Bård Breivik (1948-2016) var ein norsk skulptør frå Laksevåg i Bergen. Han arbeidde i mange retningar og format, alltid globalt orientert, og vert rekna som ein fornyar av kunsten. Han utforma Steinparken.

Bård Breivik samarbeidde gjennom mange år med Rolf Karlsen, ein av Noregs fremste steinhoggarar. I Bård Breivik og Rolf Karlsen si planlegging av Steinparken var det avgjerande viktig at vatnet fekk ein plass og at parken skulle framstå som eit parkområde utforma av naturen sjølv.

Les meir om Bård Breivik og Rolf Karlsen

Sjå skiltet om Bård Breivik og Rolf Karlsen som står i Steinparken.