Vikingskatten frå Hatteberg

Vikingskatten frå Hatteberg er eit vakkert fortidsminne og reknast som eit av dei finaste funna frå vikingtida på Vestlandet, og ei uerstatteleg informasjonskjelde om vikingtida. Dei tre gjenstandane, draktspennet, sølvhalsringen og gullarmbandet er kvar for seg svært verdfulle, og draktspennet som har vore stilt ut i storbyar verda over, er ein av Noregs mest utstilte kunstgjenstandar. Smykka har ei nordisk utforming mest truleg laga på 900 talet av ein norsk kunsthandverkar, der ornamentikken syner irsk påverknad. Skatten vart funnen av Johannes Sigfusson Hatteberg som 21. desember i 1932 rydda ny åkerjord i Lindalebrotet på garden Hatteberg i Rosendal. Korleis og kor tid desse gjenstandane havna i jorda i Lindalebrotet, er framleis eit mysterium.

Neste
Neste

Lul Krag