Mosnesvassdraget i Etne og Odda
   
   
Mosnesvassdraget i Etne og Odda er verna i verneplan IV, 1993. Mosneselva strekkjer seg frå Åkrafjorden og ca. 20 km i nordaustleg retning opp til Folgefonna. Klimaet er oseanisk, og området er mellom dei mest nedbørrike i landet. Topografisk kan vassdraget karakteriserast som ein trang V-forma dal omgitt av bratte fjellsider. Fjellsidene har mange stader lite vegetasjon, og under desse ligg vegetasjonslause urer av store blokker. Ein stor del av Folgefonna sin søraustlege del vert drenert gjennom vassdraget. Sandvikevatnet (328 m.o.h.) ligg sentralt i dalføret. Hjortedalen, med elva Hjorto, er ein sidedal til Mosdalen. Hjortedalen ligg for det meste over 400 m.o.h., og er meir open en hovuddalen. Tverrelva, ei anna sideelv, drenerer frå Folgefonna og munner ut i nordenden av Sandvikevatnet. (den øvre og brepåverka delen av Tverrelva er no overført til Blådalsvassdraget).


  Heile nedbørfeltet består av granittar. Lausmasseførekomstane er konsentrert til dalbotnane og til dalmunninga ved fjorden.















Mosnesvassdraget. Foto: Anbjørn Høivik.
Vegetasjonen er karakterisert av eit jevnt innslag av kystplanter. Det er registrert 235 karplantearter i området. Kystgrisøre veks her på si austgrense på Vestlandet. Ein førekomst av barlind i ei rasmark med alm er plantegeografisk interessant. Bjørke- og furuskogar utgjer det meste av arealet opp til skoggrensa (ca. 750 m.o.h.). Bregnedominerte bjørkeskogar er svært vanlege i dei bratte dalsidene. Gråor- og heggeskogar er også vanlege i dalsidene, spesielt i den sørausteksponerte dalsida ved Sandvikevatnet. Av edellauvskogar finst berre bestand med hasselkratt i dei nedre delane, men dei dekker små arealer. Lind, eik og ask finst, men er ikkje bestandsdannande. Myrarealet er lite, og det er vesentleg å finne i Hjortedalen der myr dekker det meste av dei flate partia. Vegetasjonen i elvar og vatn er svært sparsom, og mangler i dei fleste tilfella. Over skoggrensa utgjer blankslipt fjell og bre det meste av arealet, men rabber med lyng og moser finst spreidd. Spreidde førekomstar av meir kravfulle arter tyder på lokalt, kalkrikt sigevatn.


 
Mosneselva. Foto: Anbjørn Høivik.

Hjortedalen. Foto: Anbjørn Høivik.
 

Fuglefaunaen er relativt dårleg undersøkt. Lirype, fjellrype, orrfugl og storfugl er registrert, og lauv- og barskogområda har bra vilkår for spettar og rovfugl. Av hjortedyr finst hjort, rein og elg. Oter førekjem spreidd langs Åkrafjorden. Vassfaunaen (lågareståande dyr) er sparsom. Sjøaure i dei nedste 2 km. Av innlandsfisk finst berre aure, med liten produksjon.

På Londalen og på stølen Lona fins gamle tufter som kan vere spor etter gardsbusetnad eller stølsbruk i mellomalderen. I Hjortedalen skal det og vere spor etter gamal busetnad. På fjellgarden Hjortedalen står ei godt bevart lemstove frå 1858. På Londalen er det berre ruinar att. På Mosdalen og Mosnes står godt bevarte bygningar. I innmarka til gardane er det mange oppmurte terrassar og rydninsgrøyser. Gamle stølar ligg kring Sandvikevatnet og øvst i Hjortedalen. Lona har bevarte stølshus. Ein fint oppmurt ferdselsveg går opp dalen til Lona.


Dalføret er utan vegtilknyting. Det er ikkje fastbuande att, men tidlegare var det busetnad ved Mosnes nederst ved fjorden, ved Lona i sørenden av Sandvikevatnet og i Hjortedalen. Området vert nytta til beite. Vassdraget er så godt som utan inngrep.

Området blir til ein viss grad brukt som turområde sommarstid. Terrenget er delvis vanskeleg framkommeleg, og egner seg for krevjande former for friluftsliv.

10,4 km2 av nedbørfeltet (Blomstølsskardsvatn) er er gjennom kraftutbygging overført til Blådalsvassdraget.

   
Copyright 2005 Rosendal Stiftinga - Design av TYFON strategi og konsept