| |
|
Æneselvi er verna
i verneplan IV, 1993. Vassdraget har sine kjelder i den vestlege delen
av Folgefonna og renn nordvestover til utløp på austsida
av Hardangerfjorden ved Ænes. Hovudelva har sitt
utspring i eit vatn som ligg ved foten av brekappa. Elva
går herfra i kraftige stryk nordover til Rundavatnet.
Vidare nedover fell hovudelva kraftig ned mot Ænesdalen,
unntatt eit lite flatt parti der Vatnastølsvatnet ligg
i ei utviding av den relativt tronge dalbotnen. Mellom 80 og
140 m.o.h. renn elva forholdsvis roleg i botnen av den mektige Ænesdalen
der fjella på begge sider når opp i ca. 1000 m.o.h.
Her har elva eit parti med meandrar. På den siste strekninga
til utløp i fjorden går den på nytt i kraftige
stryk.
Busetnaden er konsentrert til området rundt utløpet
i fjorden. Her krysser fylkesvegen vassdraget. Eleveløpet
nord for riksvegen er delvis forbygd. Det er bygd veg inn til Ænessetra
på elvesletta 100 m.o.h. Setra er i dag nedlagt, men
området rundt er framleis beite og slått.
Beggrunnen er einsarta av granittiske, tungt forvitrerlege
bergarter. I dalbotnen ligg ein høg lausmasseterasse
som elva har skore seg gjennom. Elvesletta i midtre delar av Ænesdalen
er ei av dei breiaste som finst i vestlandske kystvassdrag. |
|

Ænesdalen. Foto: Anbjørn Høivik. |
|
| |

Meandesving i Æneselva. Foto: Anbjørn Høivik. |
|
Æneselvi er brepåverka
og inneheld dei fleste landskaps- og vegeasjonstypar ein kan
forvente sjølv om frodigare typar er svakt representert. Vassdraget er av dei minst påverka av dei brepåverka
vassdraga frå Folgefonna. Samla har vassdraget stor naturfagleg
verdi.
Dalbotnen sin lengdeprofil er prega av tersklar og trau. I
eit par av traua ligg det vatn, men det er ei rekkje basseng
i dalbotnen som er fylt opp av lausmateriale. Opp til marin
grense er det store breelvavsetningar som no står fram
som terrassar. Det finst også ei rekkje lågareliggjande
terrasserestar. Botnmorene og moreneryggar finst i feltet.
Geofaglege former, både glasiale og resente, er rikt
representert. Dei fluviale, aktive prosessane er svært
instruktive.
|
|
Nedbørfeltet er floristisk
og vegetasjonsmessig relativt variert, men har stort sett fattige
vegetasjonstypar. I nedre delar av vassdraget dominerer furuskog
med innslag av bjørkeskog. Bjørkeskogen overtar med
høgda og danner skoggrensa nær 700 m.o.h. på gunstige
lokalitetar i nedre del av dalen. Langs hovuddalføret går
skoggrensa ved ca. 525 m.o.h. Elvesletta i midtre delar av dalen
er prega av sterkt beita gråorskog. Det er ein fin landskapsmessig
kontrast mellom elvesletta og dalsidene, spesielt den vestre (Taklia)
der det er utvikla gode og karakteristiske vegetasjonssoneringar
frå sørboreal til lågalpin sone. Stadvis preg
av sterk beiting.
Det er lite vassfugl. Dei forskjellige furu- og bjørkeskogtypene
har til dels rike spurvefuglførekomstar. Fire spettearter
er registrert, mellom dei kvitryggspett og gråspett. Varsler
er registrert i ein mogeleg hekkebiotop, medan dvergfalk er einaste
observerte rovfugl. Ænesdalen er eit viktig vinter- og helårsområde
for hjort, medan rådyr og elg er rekna som streifdyr. Jerv
og gaupe er truleg streifdyr. Mellom vassdraga med utspring i Folgefonna
har Æneselva det største biotoputvalget og den rikaste
vassfaunaen. Laks og sjøaure går 10 km. opp i elva.
Vatnastølsvatnet og Rundavatnet har sjølvrekrutterande
aure av fin kvalitet.
|
Fleire gravhaugar og gravfunn
syner ei etablert jorbruksbygd på Ænes allereie
i jarnalderen. Ved Ænessetra ligg tufter og åkerreiner
som kan vere spor etter busetnad i jarnalder og mellomalder. Ænes
kyrkje er ei steinkyrkje frå 1100-talet. Det er kulturminne
og kulturlandskap knytt til gardar ved fjorden og seteranlegg
i Ænesdalen og på Vatnastølen. Ænessetra
har godt bevarte gamle bygningar. Ænes var handelsstad
frå 1845, og her står ein gammal butikkbygning.
Det har vore sagdrift i elva sidan 1600-talet. Sagbruka langs
nedre delar av elva vart etablert på slutten av 1800-talet.
På det største anlegget, Ænessaga, står
enda vasshjul og turbin samt restar av vassrenne frå den
tida saga var vassdreven. Ein gammal ferdselsveg går
mellom Ænes og Mel.
Området har interessante kulturminne frå eit langt
tidsrom. Særleg er mellomalderkyrkja eit verdifullt kulturminne.
Kulturminne og -landskap har kulturhistoriske verdiar i lokal
og til dels regional samanheng.
Vassdraget har store opplevingskvalitetar med kontrastar som
går frå fjord til blåis og frå frodig
skog til stupbratte fjell. Tilkomsten til dalen er svært
god, og den eignar seg difor til ei rekkje aktivitetar. Det
er først og framst folk frå Kvinnherad som bruker
vassdraget, men også folk frå regionen for øvrig.
Vassdraget er viktig både som nær-, dags- og helgeturområde.
Spesielt Vatnastølsvatnet er framheva som eit viktig
turmål og fiskevatn, og vert brukt både til dags-
og helgeturar. |
|
|
|
|
|
 |
|