Stor gåve

Stor gåve frå SparebankstiftelsenDNB
Ei gledeleg melding til Rosendalstiftinga like før jul: «Søknaden dykkar er innvilga i sin heilskap med kr 2 600 000,-. Helsing sparebankstiftelsendnb ((@sparebankstiftelsendnb).»
Gåva er øyremerka prosjektet «Ei kort forteljing om historia til Livet på Jorda». Det er eit samarbeid med biologar, paleontologar, geologar og arkeologar på Universiteta i Bergen og Oslo, herunder Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo. I tillegg inngår tre norske geoparkar: Magma geopark, Gea Norvegica og Geopark Sunnhordland.
Det er interessa og det positive engasjementet som Tidsaksen i Steinparken har utløyst hos publikum, som har gjort det naturleg å løfta temaet vidare. Prosjektet skal difor laga ein utvida, digital variant, som gir forståing og oversikt over den fantastiske historia til Livet. Denne digitale forteljinga skal koplast tett til den nye fysiske utstillinga «Livets historie» som er under utvikling ved Naturhistorisk Museum UiO, men blir som eit open nettressurs, tilgjengeleg for alle. I tillegg skal bruk av QR kodar (quick response) leggja til rette for uteaktivitetar, kulturvandringar og naturstiar.
Det er ei stor og fantastisk flott gåve som vil bidra sterkt til å løfta fram ei rekkje fine historiar frå Livet på Jorda si historie, der også menneska etter kvart har fått ein tydeleg plass. Gåva vil bidra til gjensidig utvikling og profilering av Steinparken, geoparkane, Naturhistorisk museum og elles alle som ønskjer å fortelja dei ferdige historiane, – når vi kjem så langt.