Slik eit gamalt menneske ber med seg minne om livetog skiftande tider, ber også jorda med seg teikn som er minne om fortida. Desse teikna er lagra i djupet, i overflata, i berggrunn og i landskap, og vi kan lesa og tyda dei. Berggrunnen har hatt stor innverknad på menneska og kulturhistoria i regionen. Det er nok
å syna til fjord-og fjellandskapet. Fjorden har gjeve folk mat og arbeid,og vore ferdselsveg i 8000 år. Berggrunnen er også ei viktig årsak til at vi har ein omfattande kraftindustri på Folgefonn-halvøya, og berggrunnen bestemmer mykje når det gjeld landbruk, dyrkingsareal, beiteområde og kulturlandskap. Berggrunns-geologien på Folgefonnhalvøya er sværtrik, og femner om mykje av geologien vi elles finn kringom i Noreg.
Det er på det geologiske og biologiske naturgrunnlaget menneska på Folgefonnhalvøya har bygd kulturen sin gjennom steinalder, bronsealder, jernalder, mellomalder og no inn i oljealderen. Mange av dei geologiske naturtilhøve ein finn godt illustrerte på Folgefonnhalvøya er representative for store deler av norsk kyst- og fjordlandskap. I Steinparken kan du sjå: Fargar og strukturar, slik bergartene er inni. Slipte steinblokker frå Folgefonnregionen. |
|
Bergarter som er 2500 millionar år gamle. Kulegabbro, ein av dei sjeldnaste bergartene i Noreg. Parken er ein stad for rusleturar for dei yngste og dei eldste, tilreisande, fastbuande og skuleklassar. Steinparken er utforma i samarbeid med skulptør Bård Breivik og steinhoggar Rolf Karlsen, geologane Johan Naterstad og Øystein Jansen. Prosjektet er knytta til Folgefonna nasjonalparksenter, med finansiering frå Kvinnherad kommune og Hordaland fylkeskommune.
Smakebitar
Kulegabbro i Blådalen
Jettegryter i Dalelva
Langhaugane ved Solfjell
Isskuring ved Botnabreen |