Eikemo
   
   


Eikemo. Alle foto: Anbjørn Høivik.

Grenda Eikemo ligg på nordsida av Åkrafjorden i Etne kommune. For å kome dit må du anten i båt over fjorden eller ta beina fatt over fjellet. Tidlegare var det meir enn eit halvt hundre fastbuande i denne grenda som var hadde både skule og brannbil. No er det berre tre gardsbruk i drift. Desse bruka driv saman Eikemostølen, den einaste stølen på Folgefonnhalvøya som fortsatt er i drift. På Eikemostølen er kulturlandskapet prega av dei gamle sela, det eldste truleg frå ca. 1650.

Skredalen strekk seg mot nordvest frå Eikemostølen. Dalen er som ei lærebok i lausmassegeologi. Her er store rasmarker, moreneformasjonar og til og med ei lita breelvslette.


Skredalen

 
Eikemostølen (Vetrhus)



Det "nye" geitfjøset og nokre av dei gamle stølsbygningane.

   
Copyright 2005 Rosendal Stiftinga - Design av TYFON strategi og konsept