Serpentinitt

Serpentinitt – Dei grøne smykka i parken

Ein spesiell bergart som vert danna under forvandling er serpentinitt. I Steinparken finn du mange flotte eksemplar – med ulike grønfargar og mønster. Den opphavelege bergarten er olivinstein, som er danna av magma frå mantelen, djupt nede – under jordskorpa. Når olivinsteinen stig mot overflat kan han bli omdanna til serpentinitt. Vi finn desse «gjestene frå djupet» fleire stader på Folgefonnhalvøya – som brunlege «knollar» som skiljer seg frå omliggjande fjell ved den spesielle fargen.