Om Steinparken

Steinparken er ein del av den naturfaglege formidlinga ved Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark. Føremålet med Steinparken er å stimulera interessa for kunnskap om natur- og kulturhistoriske kvalitetar og å auka opplevingsverdien ved aktivt friluftsliv. Brukarane av Steinparken er barnehagar, grunnskular, vidaregåande skular, førelesarar og studentar ved Universitetet i Bergen, turistar, pensjonistar, tilreisande og fastbuande.
Steinparken er sidan starten i 2003 utvikla som ein kunnskapspark av Rosendalstiftinga i samarbeid med nokre av Noregs fremste fagpersonar og formidlarar ved universiteta i Bergen og Oslo og Fossheim steinsenter i Lom. Kunstnaren Bård Breivik har saman med steinhoggar Rolf Karslen og Torkjell Nerhus lagt føringane for den estetiske utforminga.
Steinparken er utvikla økonomisk støtte frå Hordaland fylkeskommune, Kvinnherad kommune, Miljødirektoratet, Folgefonna nasjonalparksenter, Sparebankstiftelsen DNB, Sparebankstiftinga Kvinnherad, Miljødirektoratet, Norsafe as, SKL as og Nasjonalforeninga for folkehelse.

Steinparken er alltid ope – gratis inngang. Velkomen!

Steinparken ligg attmed Vangssago, ved Mehlselva i Rosendal. Gå eller kjøyr frå Skålagato mot Baroniet. Rett før brua over elva ser du steinen og skilt til Steinparken.

Last ned brosjyre om Steinparken ved å klikka på biletet

Last ned brosjyre om Steinparken ved å klikka på biletet