Malmanger prestegard
Malmanger gard har ei historie som går langt attende i tid, kanskje meir enn 1000 år. I tunet på garden er det 8 freda bygnader frå ulike tidsbolkar. Fleire av prestane på Malmanger hadde interesser som strakte seg langt utover teologien, og historia til Malmanger femner vidt, frå levekår, sosiale tilhøve, bygningshistorikk, landbruket si historie, naturtilhøve, klimaendringr og helsevesen. Malmanger har difor ei lang og sterk formidlingstradisjon. Då staten selde garden i 1991, freda riksantikvaren samstundes alle bygningane og det vart eiomfattande og kostbar oppgåve for den nye eigaren, Anfinn Bondhus, å restaurera desse i samsvar med føringar frå antikvariske styresmakter.