livbat_01_725

Livbåtens historie

Boka Eit livbåteventyr ved Hardangerfjorden om Gerhard Skaala og Harding av Olav Eikeland

Boka Eit livbåteventyr ved Hardangerfjorden om Gerhard Skaala og Harding av Olav Eikeland

Dramatiske skipsforlis med tap av mange menneskeliv har gjennom dei siste 150 åra medverka til atskilleg kreativ tenking rundt utvikling av livbåtar langs kystenvår. Båtbygginga har ein lang historie på Vestlandet og Kvinnherad har gjennom tidende vore ein av dei fremste båtbyggjarkommunane i Norge. Alt i 1889 hadde seglskuteskipper S. J. EngelhardtJørgensen i Risør fått bygd ein lukka livbåt, som han seglde frå England til Australia. Båten, som fekk namnet «Storm King» var 30 fot lang og bygd i seksjonar som kunne plasserast rundt på dekket av skutene. Nokre år seinare, i 1903, konstruerte kaptein Ole Brudei Ålesund ein overbygd livbåt på 18 fot i stål. Båten som fekk namnet «Uræd», vart ført på ei fantastiskferd av Brude og tre kameratar over Nord Atlanteren frå Ålesund til Nord Amerika. Det var først mange år og mange tragiske hendingar seinare det lukkast å få gjennomslag for at kvaliteten på redningsbåtane måtte aukast betrakteleg. Det var ein lang kamp mot innarbeidde haldningar hos rederi og styresmakter.

Livbåtens far, Gerhard Skaala (1920-1999). grunnleggjaren av industribedrifta Harding. Han revolusjonerte livbåten med allværseigenskapar, brannsikring, sjølvretting og «fritt fall».

Livbåtens far, Gerhard Skaala (1920-1999), grunnleggjaren av industribedrifta Harding. Han revolusjonerte livbåten med allværseigenskapar, brannsikring, sjølvretting og «fritt fall».

Den sjølvrettande, overbygde, brannsikre livbåten, og seinare dei vidkjende Fritt Fall båtane som stuper mot havflata, er utvikla i Rosendal, med djupe røter i gamle båtbyggjartradisjonar ved Hardangerfjorden, der kvalitet og presisjon var sjølvsagd.

Målet med prosjektet Livbåten si historie, er å ta vare på og formidla historisk materiale som teikningar, film, foto, dokument og historiar om denne utviklinga innan teknologi og byggjemateriale. Ei utvikling som også omfatta utviklingar av haldningar til tryggjing av menneskeliv til havs.