Livbåtprosjekt
   
   

Livbåtens far, Gerhard Skaala
(1920-1999), grunnleggjaren
av industribedrifta Harding.
Han revolusjonerte livbåten
med allværseigenskapar,
brannsikring, sjølvretting
og ”fritt fall”.
  Dramatiske skipsforlis med tap av mange menneske-liv har gjennom dei siste 150 åra medverka til atskillegkreativ tenking rundt utvikling av livbåtar langs kystenvår. Båtbygginga har ein lang historie på Vestlandetog Kvinnherad har gjennom tidende vore ein av deifremste båtbyggjarkommunane i Norge.Alt i 1889 hadde seglskuteskipper S. J. EngelhardtJørgensen i Risør fått bygd ein lukka livbåt, som hanseglde frå England til Australia. Båten, som fekk nam-net ”Storm King” var 30 fot lang og bygd i seksjonarsom kunne plasserast rundt på dekket av skutene.Nokre år seinare, i 1903, konstruerte kaptein Ole Brudei Ålesund ein overbygd livbåt på 18 fot i stål. Båtensom fekk namnet ”Uræd”, vart ført på ei fantastiskferd av Brude og tre kameratar over Nord Atlanterenfrå Ålesund til Nord Amerika.Det var først mange år og mange tragiske hendingarseinare det lukkast å få gjennomslag for at kvalitetenpå redningsbåtane måte aukast betrakteleg. Det varein lang kamp mot innarbeidde haldningar hos rederiog styresmakter.


Branntest med 1000 grader på utsida.
  Den sjølvrettande, overbygde, brannsikre livbåten, ogseinare dei vidkjende Fritt Fall båtane som stuper mothavflata, er utvikla i Rosendal, med djupe røter i gamlebåtbyggjartradisjonar ved Hardangerfjorden, der kva-litet og presisjon var sjølvsagd.Målet med prosjektet Livbåten si historie, er å ta varepå og formidla historisk materiale som teikningar, film,foto, dokument og historiar om denne utviklinga innanteknologi og byggjemateriale. Ei utvikling som ogsåomfatta utviklingar av haldningar til tryggjing avmenneskeliv til havs. Prosjektet vert gjennomført isamarbeid med dei leiande livbåtprodusentane i verda:Schat-Harding og Norsafe, som begge er norske.
   
Copyright 2005 Rosendal Stiftinga - Design av TYFON strategi og konsept