Kulturminne
   
   

Låven på prestegarden med inventar
 
Prestegarden i Rosendal har ei lang historie. Noko skriftleg materiale fins om lag 500 år bakover i tid.
Ein trur at garden fyrst vart prestegard seint i middelalderen, kanskje etter svarte-dauden. Prestegarden ligg vakkert til mellom Prestabryggjo og Omshagen på vegen opp til Baroniet Rosendal. Bøane og beitemarkene rundt garden er viktige og lett synlege deler av kultur-landskapet i Rosendal.

I 1991 vart garden kjøpt av forpaktaren, Anfinn Bondhus. Samstundes vart bygnings-massen ved prestegarden freda av Riksantikvaren. Rosendal og nabo-bygdene er eit av dei rikaste fornminne områda i Hordaland. Prosjektet har som mål å bidra til vedlikehald av antikvar-iske verdiar og formidling av historie og fortidsminne, og å bevara det vakre kulturlandskapet som omkransar prestegarden i Rosendal. Prosjektet er støtta av lokale og regionale styresmakter, og av Sunnhordland kraftlag.
     
”Bygningene på prestegården vurderes som antikvarisk svært verdifulle. De er med på å gjøre Malmanger prestegård til et kulturminne av høy verdi.”  
Malmanger prestegard.
     
     
Kvinnherad kyrkje høgtidar 750 år i 2005.



Ringspenne frå vikingtida. Den vart funnen av Johs Hatteberg i1932 under nydyrking på Hatteberg. Komposisjon og stil datererer spennet tildet 9. århundre og viser at den norske handverkaren har vore influert av irsk stil og form. Spennet er 21 cm langt og veg 196 gram. Spennet var ein del av mannsdrakta, og vart nytta til å festa kappen på høgreskulder slik at armen var fri.
  Rosendal og omland er eit av dei rikaste fornminne-områda i Hordaland. Dei siste to åra har det vore grave ut ei rekkje lokalitetar med rike og spennande funn frå alle dei førhistoriske periodane. Dei nye funna fortel om kvifor og korleis samfunna endra seg, difor kan fortida læra oss noko om vår eiga tid og endringar i framtida. Di for blir det også sagt at ”Den gode stifinnaren snur seg stundom og ser attende i landskapet”. Funna har gitt ny innsikt i korleis samfunna var organiserte, korleis menneska levde, korleis dei utnytta ressursane, kva dei trudde på, og kven dei var i kontakt med.

Busetnadshistoria for området er skuva fleire tusen år attende. Lenge trudde ein at det berre var dei kystnære områder som var nytta i fangst steinalderen, og at områda innover i fjordane var lite brukt. Nye funn og utgravingar, spesielt i Kvinnherad har endra dette bilete. Til no er det gjort funn av sju store steinalderlokalitetar: på Seimsfoss, Skåla i Rosendal og i Matre, og vi veit det fins andre. Universitet, museum og antikvariske styresmakter er sentrale forvaltarar av fortidsminne og kulturarv.Formidlings aktiviteten er ofte under finansiert, og informasjon og kunnskap som har stor verdi for fastbuande og næringsliv generelt, og særleg for reiselivsnæringa, vert utilgjengelege ressursar for stadutvikling og verdiskaping. Målet med prosjektet er å bidra til å utforma utstillinga Rosendal i førhistorisk tid og mellomalder i samarbeid med Hordaland fylke og Bergen Museum.
   
Copyright 2005 Rosendal Stiftinga - Design av TYFON strategi og konsept