Koronitt – er fylkessteinen til Hordaland

Koronitt – fylkesteinen i Hordaland

Koronitt er ein anortositt med såkalla korona-struktur, ein særeigen bergart for delar av Hordaland (særleg Bergensområdet) og Indre Sogn. Anortositten er kvit/bleiklilla av farge, og koronastrukturen har ei kjerne av grøn-svart pyroksen med raude granatar rundt.