Kvinnherad kyrkje treng vedlikehald og vern

For 750 år sidan vart det framskaffa ufatteleg store ressursar for å reisa kyrkja vår, – den vakre Kvinnheradskyrkja. Den flotte steinkyrkja frå 1250 har overlevd tallause stormnetter, bygdebrannar, nedgangstider, verdskrigar og pandemiar. Ho har trøysta oss i dei vanskelegaste stundene gjennom generasjonar og gitt oss glede og høgtid under fine kulturarrangement. Ho er eit freda kulturminne, eit verkeleg signalbygg og ein nasjonal skatt, i ein nasjon fattig på arkitektur.

Rosendalstiftinga starta i 2012 kronerulling til vedlikehald og brannvern av Kvinnherad kyrkje. Responsen var overveldande, og det vart samla inn om lag 400.000 kroner. Ei arbeidsgruppe styrer disponeringa av midlane i samarbeid med budsjetteringa frå Kvinnherad kommune. Halvparten er nytta til delfinansiering av vedlikehald av kyrkja, utsmykking av Bårehuset og til nytt vevd golvteppe i hovudskipet. Resterande midlar skal nyttast i 2019 til delfinansiering av takreparasjon på hovudskip og kor, og KC maling av koret utvendes. Det skal samstundes lagast plan for vedlikehald av Sakresti og Gravkammer i samarbeid med byggmeister Håkon Kvestad, malermeister Tor Meusburger og Riksantikvaren.

Arbeidsgruppa er samansett slik:

Bygdekvinnelaget, Soknerådet, Fellesrådet, Kyrkjeverja, Kaare Skaala, Oddbjørg Heimark, Leiv Guddal (Seimsfoss Grendelag), Øystein Hellesøy, Øystein Skaala (Rosendalstiftinga).

Klikk på biletet for å  lesa artikkelen

Klikk på biletet for å lesa artikkelen