rosendal_eksempel

Hardangerfjorden - kva er under vassflata

Står du ein vakker sommardag på ein av fjelltoppane i Sunnhordland og ser utover den rolege vassflata i fjordbassenget, er det vanskeleg å førestilla seg dynamikken og skiftingane i dei svære vassvoluma, og det yrande livet langt nede i fjorden, drama på drama, kampen for tilværet kvar einaste time, heile året!

Ferskvatnet fraktar med seg mineralar vaska ut frå bergartane som granitt, gneis og gabbro i fjellandskapet rundt fjorden. Dei små kalkalgane som lever i fjorden ventar på desse mineralane. Og når ljosmengda aukar utover våren, og vårflaumen skyssar mineralane nedgjennom dalføra og ut i fjorden, då formeirar kalkalgane seg i kolossale mengder, og du ser at fjorden vert grøn! Denne «bløminga» utløyser ein kaskade av hendingar. Dei mikroskopiske algane, knapt ein hundredels millimeter store, vert mat for små planktondyr og filtrerande organismar. Det er desse som står på menyen til brisling og yngel av andre fiskeartar.

Og ser du på artssamansetjinga og mangfaldet langs den lange Hardangerfjorden, finn du historiar heile vegen, historiar om artane sine underlege særtrekk, fargar og strukturar, tilpassingar til det dynamiske miljøet med vekslingar i salt, temperatur, straum og brenningar, og historiar om korleis kvar art tilpassar seg til dei andre levande artane. Alt saman utvikla og utprøvd gjennom millionar av år for å sikra overleving, formeiring og kontinuitet.

Stein Mortensen, Vivian Husa, Øystein Skaala (Havforskingsinstituttet)

havforskningsinstituttet_logo