Geostien Nordrepollen – Botnabreo
Verdt ein tur!

Geostien Nordrepollen

Sjå kart over Geostien

Last ned pdf av falderen om Geostien ved å klikka på biletet

Last ned pdf av falderen om Geostien ved å klikka på biletet

Naturen rundt deg er full av fantastiske historiar. Vegen frå Nordrepollen oppover forbi Godalen og Markjelke og stien vidare til Botnabreo er i ferd med å bli eit mykje brukt turområde. Dalføret oppover frå Nordrepollen er dramatisk og spektakulert. Dette er eit lett tilgjengeleg område der du kan sjå korleis landskapet er forma av naturkreftene, av brear og vatn. Her kan du bli kjent med mange ulike bergarter og mineralar, og du kan sjå korleis dei vakre fjellplantene gjennom ein lang kamp for å overleva, har tilpassa seg eit barskt miljø med lite næring, mykje snø og ein kort vekstsesong. Her i dette ugjestmilde klimaet har også menneska funne seg ein plass, mat til husdyr og elektrisk energi til eit samfunn som kan synast umetteleg på naturressursar. Og hit søkjer folk langvegsfrå for å trekkja pusten, høyra lyden av ein bekk, for å samla tankane, leggja frå seg ei bør og for å henta krefter. Føremålet med geostien frå Nordrepollen til Botnabreo i Mauranger, er å gje eit lite innblikk i nokre ev dei fantastiske historiane i det naturlege klasserommet. RosendalStiftinga tok initiativ til gjennomføringa av prosjektet og har på dugnad leia arbeidet med planlegging og utforminga av tekstar og fotomateriale i samarbeidmed botanikar Bjørn Moe og geolog Øystein J. Jansen. Innbyggjarar i Mauranger har bidrege med kunnskap og historiar. Statkraft som er største grunneigar i området har stilt grunn til rådvelde for skilt og rasteplassar, og finansiert prosjektet saman med Folgefonna nasjonalparksenter.