Skjeggesnuten og Sauanuten
   
   
Skjeggesnuetn og Sauanuten er to markerte toppar som ligg opp til fonna på grensa mellom Etne og Odda. Dette er einaste plasssen i høgfjellet på Folgefonnhalvøya med den næringsrike bergarten fyllitt. Fyllitt vitrer lett og innheld mykje kalk, slik at det vert ein rik fjellflora på desse nutane sine solrike bakkar. Her finn ein mellom anna reinrose, fjellkattefot, tuesildre, bergveronika, raudsildre, fjellsmelle, snøsøte, rynkevier, fjellbakkestjerne, grønnkurle og bjønnbrodd. I snøleiene finst i tillegg til dei vanlegaste vanlegaste plantene arter som knoppsildre, bekkesildre, snøsildre og dvergsoleie.


Foto: Bjørn Moe.

 
Sauanuten ligg heilt i brekanten, men har næringsrike rasmarker. Foto: Anbjørn Høivik.


Bergveronrika. Foto: Bjørn Moe.

   
Copyright 2005 Rosendal Stiftinga - Design av TYFON strategi og konsept