Fjellkattefot

Fjellkattefot er ein flerårig urt i kurvplantefamilien. 5–20 cm høg, med kvit, sjeldnare raud blomestand med gråbrune kurvdekkblad. Har frøformering utan befruktning (apomiksis), hannplantane er sjeldne. Fjellkattefot veks på tørre bakkar og knauser på kalkrik grunn i fjellet i heile landet, opp til 2240 moh. i Jotunheimen.