Bergfrue

Bergfrue (Saxifraga cotyledon) er eit vakkert syn der ho heng ut frå fjellsida med sine store, kvite blomeklasar. Det er utruleg at den vesle bladrosetten kan springa ut i ei slik blomeprakt, rett frå nakne fjellet. Det er bortkasta å flytta ei blømande bergfrue heim i hagen. Planta blømer og set frø berre ein gong. Dette krafttaket tappar rota for så mykje næring at planta visnar og døyr når det er over. Før bløminga lever bergfrua anonymt som ein bladrosett. Rosetten veks litt kvart år, inntil han er mogen for den vakre bløminga det sjuande året. Bergfrua er ganske vanleg i fjella rundt Folgefonna, og ho er difor valt som symbol i logoen til nasjonalparken.